<-Til statped.no

Uttale-firkort

Metodiske tips | 25.10.2011 | Liv Anne Innerdal

Eg henta ideen til dette på eit veldig godt kurs om artikulasjon ved Ingebjørg Skaug.

Eg har laga stadig nye seriar, skreddarsydd for enkelt-elevar eller slagramma (f eks dysartri), og bruka lokale namn og stadnamn. Ein del lange ord er laga til løpske elevar. Noko er laga til stammarar, med tanke på koartikulasjon.Her er det berre å hente idear og produsere etter behov!

NB! Eg har dessverre hatt litt problem med å få like store ruter på arka, og eg er ingen ”kløppar” på pc-en. Viss du får beskjed om at det er problem med utskrift pga margar, trykkjer du berre ja på at du vil fortsette, og da kjem det utskrift.

Slik gjer du: Kopier arka i 2 eks, da har du 4 brikker av kvart ord. Brukar du farga ark av 160 grams kvalitet, er det berre å klippe opp, og det er klart til bruk.

Målet er å få så mange 4kort-seriar som muleg, men det er berre flaks som avgjer kven vinnaren blir.

Start

Del ut 4 kort til kvar og legg resten av korta i ein stabel med baksida opp.

Korta til spelarane ligg opne på bordet. Viss ein har nokon like, plasserer ein dei ved sida av kvarandre. Etter kvart som spelet går fram, kan kvar spelar ha masse kort framfor seg.

Den eine spør den andre om å få eit kort som han ser at den andre har (”Kan eg få…”), for å samle seg fleire av same sort. Ein kan spørje igjen, heilt til den andre ikkje har fleire av den sorten (dvs toppen 3 gonger ”Kan eg få….”). Har spørjaren då alle fire korta av ein sort, legg han til sides det stikket / den firkortserien. Så blir det den andre sin tur til å spørje.

I starten blir det fort slik at det ikkje er meir å spørje om, og da må den som har tur, trekkje eit kort frå stabelen, så spelet kan fortsette. Viss motspelaren ikkje har eit maken kort, er det ikkje muleg å spørje. Da får ein sjøl det trekte kortet, og turen til å trekkje, går til den andre.

Den einaste gongen det er lov å trekkje ein ekstra gong frå stabelen, er når ein har tre like frå før, og trekkjer det fjerde til seg sjøl.

Eg har berre bruka 4korta med to spelarar.

Det eigenlege målet er å få sagt den lyden/det ordet ein har problem med, fleire titals gonger i løpet av kortspelet. Masse god trening! Meir enn ved Memory.

Tips

  1. Viss ein brukar 4kort til born som ikkje kan lese, kan ein kopiere Ege: Fonologiske plakater i 4 eks. Det er nok med 9 forskjellige seriar i eit spel (på Ege-arka er det 12 kort).
  2. Når runden er ferdig, lag gjerne setningar med orda de har fått 4kort av, så blir det trening på setningsnivå med det same.